skip to Main Content

Papirannonser

Os & Fusaposten er di lokalavis i og rundt Bjørnafjorden. Avisa har eit tett samarbeid med Bømlo-nytt og Sunnhordland og kan hjelpa deg med marknadsføring til desse.

Os & Fusaposten har eit opplag på 5130 aviser og vert lesen av 13.600 personar kvar dag.
Avisa kjem ut tysdag og fredag.

Fleire gonger i året går avisa ut i fulldistribusjon. 12.000 husstandar i Os og Fusa, samt delar av Samnanger får då Os & Fusaposten i postkassa. Annonsering på desse dagane sørgjer difor for at annonsa di når ekstra langt.

Fulldistribusjonar 2024:

  • Tysdag 13.02.24
  • Fredag 08.03.24
  • Tysdag 23.04.24
  • Fredag 14.06.24
  • Tysdag 24.09.24
  • Tysdag 29.10.24
  • Tysdag 19.11.24
  • Fredag 06.12.24

Truverdig annonsering

Os & Fusaposten har eksistert som lokalavis sidan 1987, og har sidan den gong vore ein viktig støttespelar i lokalsamfunnet. Avisa vert oppfatta som truverdig og kvar dag jobbar me med å engasjera, skapa godt innhald og ha ein solid produksjon. Os & Fusaposten har høg lojalitet blant sine lesarar – og dette er med på å skapa den beste konteksten for deg som annonsør. Med ei papirannonse når du folk på heimebane. Du som annonsør vert invitert inn i folk sin kvardag.

Våre kundar opplever god effekt av sine papirannonser, uavhengig av bransje. Den aller beste effekten vil ein oppnå om ein tenkjer langsiktig og heilhetleg og kombinerer annonsering på papir og digitale flater.

Kvifor bør du velja papirannonse?

  • Lesarmodus
    I dag vert ein utsett for mykje reklame og annonser – særleg på digitale flater. Men kva modus er eigentleg lesaren i når han kjem over annonsa? Det er frivillig og lystbetong og setja seg ned for å lesa ei avis. Det betyr at lesaren har retta merksemda mot avisa og er i ein modus der han let seg påverka og engasjera.
  • Betalt produkt
    Avisa er eit betalt produkt, og lesarane våre ynskjer å lesa avisa frå perm til perm.
  • Rett målgruppe
    Du treff ei lokal målgruppe.
  • Plassering
    I løpet av året har me fleire temasider, mellom anna “Hus, heim & hage”, “Næringliv”, “Bil & Motor” og “Jul”. I tillegg kjem utdanningsavisa “Ungdom & utdanning” i oktober og “Frivilligavisa” i mars.

Prisar

Annonseprisane varierer ut frå plassering og storleik. Vi tek utgangspunkt i modulkartet og om annonsa skal stå på tekst- eller annonseside. Ta gjerne kontakt med ein av våre dyktige medierådgivarar som hjelper deg med å setja saman ein annonsepakke etter ditt behov. Vi kan senda deg eit uforpliktande tilbod og tilbyr gode løysingar for dine idear.

Produksjon og materiell

Vi har eiga grafisk avdeling og kan difor produsera annonsa for deg. Du får sjølvsagt koma med innspel og lesa korrektur før noko vert trykt.

Ferdig materiell må vera hos oss innan kl. 9:00 dagen før publisering. Materiell som skal produserast av oss må vera klart 2 dagar før.

Kine Evensen

Marknadsleiar

Tine Tuft Soltvedt

Salskonsulent

Back To Top