Distribusjon
Os & Fusaposten nyttar seg av Sudi til distribuering av aviser.
Sudi er områdets største distributør, og i tillegg til aviser distribuerer dei i underkant av 150 forskjellige andre produkt. Dette er alt frå reklame, magasin, medlemsblad, pakkar, matkassar og brevsendingar.
Helthjem er ei samanslutning av dei fleste distribusjonsselskapa i Noreg, og dekker over 85% av alle husstandar i Noreg. Sunnhordland Distribusjon (Sudi) er ein del av dette nettverket.
Vi dekker ca. 4.500 postkassar, 2 dagar i veka.
Ved fulldistribusjon dekker vi heile 12.000 postkassar.
Vi tilbyr også lokalt sal av innstikk i våre eigne aviser, og distribusjon av reklame til alle husstandar i vårt område. Alt til konkurransedyktige prisar.
Sudi har også godsbilar som trafikkerer områda Bergen, Stord, Haugesund, Stavanger og Kristiansand.
Be oss gjerne om tilbod og forslag til gode løysingar.