Skap tillit og følg opp kampanjar med nettsida di!
Nettsida di er avgjerande for å skapa tillit hos kunden – og ditt viktigaste utstillingsvindauge. På nettsida di kjem kunden for å orientera seg og finna informasjon. Innfrir ikkje nettsida di forventningane til kunden, kan ein heller ikkje forventa at kunden blir verande på sida. Sida må samsvara med dine digitale kampanjar – anten det er på nettavis, Facebook eller Google AdWords. Sida må difor optimaliserast med tanke på å konvertera besøkande til betalande kundar. Vi meiner det er essensielt å ha ei god nettside.
Nettsida skal samla alle dine digitale trådar og vera bedrifta sitt ansikt utad. Anten du treng heilt ny nettside eller berre hjelp til å få struktur og orden på den eksisterande sida di, kan me hjelpa deg. Me kan også bistå med produksjon av landingssider som samsvarar med dine digitale annonsekampanjar.
Under følgjer tre ulike pakkeløysingar der vi kan hjelpa deg med di nettside.
Hjelp til nettsida di?
TEKST-PAKKEN
Om du er fornøyd med nettsida di, men føler du treng meir orden og struktur er dette alternativet for deg. I denne løysinga inngår:
- Kartleggingsmøte: endringar, målsetjingar og strategiar.
- Endring av oppsett og meny-struktur basert på kartleggingsmøte, analyse og SEO.
- Forfatting og implementering av nye tekstar.
FULL PAKKE
Treng nettsida ein total makeover? Dette får du:
- Kartleggingsmøte for å avdekka behov rundt ny nettside.
- Design av heilt ny nettside.
- Koding og oppsett av ny nettside.
- Forfatting og implementering av seljande tekstar.
- Søkemotoroptimalisering.
SEO-ANALYSE
Tips og rådgiving om SEO på nettsida di? Me hjelper deg!
- Kartleggingsmøte – rangering og synlegheit på nett i dag?
- Ynskja målsetjing.
- Planlegging av søkeord.
- Analyse av eksisterande side og føreslåtte endringar.
- Implementering av nye, søkemotoroptimaliserte tekstar og menystrukturar.