På marknadsavdelinga i Os & Fusaposten møter du Tine og Michelle.

Marknadsavdelinga i Os & Fusaposten:

 Slik kan vi løfta verksemda di til nye høgder

Vi gjer verksemda di synleg – både digitalt og på papir. 

Publisert

Vi veit at ulike bedrifter har ulike behov. Difor tilbyr vi fleire løysingar som gjer det enkelt å finne den annonseforma som passar best for deg. 

Som den einaste mediekanalen i Bjørnafjorden kan vi tilby sterk digital synlegheit kombinert med papirannonsering for å gi annonsane dine størst mogleg effekt.

Her får du ein oversikt over dei ulike produkta våre – både digitale og på papir.

Display-annonsering (nettannonsar)

Visste du at ein displayannonse på nett kan vere like enkel som ein papirannonse? Med ein klikkbar nettannonse på osogfusa.no, kjem lesarane rett til nettbutikken eller kampanjesida di.Du treng ikkje kunne noko om filformat eller grafisk produksjon.Vi ordnar alt:Utforming av annonsen: Vi lagar det grafiske for degLandingsside: Har du ikkje ei landingsside? Vi hjelper deg med det ògStrategi: Vi tek gjerne eit møte for å kartleggje behov og kome med forslagVi sel displayannonsar per 1000 visningar. Det betyr at du betaler for kor mange gonger annonsa di blir vist – og får full kontroll på synlegheita. Vi tilbyr fleire variantar av displayannonsar: Frå såkalla hestesko på PC, der annonsa di får ekstra stor plass i toppen på nettsida vår, til fullscreen på mobil. I tillegg kan vi tilby både videoannonsar og animasjonar. Ta kontakt på marknad@osogfusa.no, så finn vi ei løysing som passar behovet og budsjettet ditt.

Om oss:

På marknadsavdelinga i Os & Fusaposten møter du Tine og Michelle.

Tine har lang erfaring frå bransjen og har svært god, strategisk kjennskap til annonsemarknaden i Bjørnafjorden.

Michelle har bakgrunn frå detaljhandel, sal og service, og er utdanna innan marknadsføring og videomarknadsføring i sosiale medium.

Saman utgjer vi eit sterkt team av strategi og kreativitet – klare til å hjelpe di bedrift med å nå ut til fleire kundar.

Du er alltid velkomen til å ta kontakt på e-post: marknad@osogfusa.no, eller stikke innom kontoret vårt for ein prat.

Content marketing (innhaldsmarknadsføring)

Gjennom content marketing får du skreddarsydde artiklar, videoar og foto som fortel historia til di bedrift på ein engasjerande måte. Perfekt for å bygge relasjonar, skape tillit og gi kundane dine noko meir enn berre rein reklame.

Vil du sjølv bestemme kva som skal stå i teksten? Då kan du det. 

Vil du ha hjelp? Då ordnar vi både tekst, bilete og video. 

Vi har flinke folk som arbeider med dette og sikrar eit godt resultat for bedrifta di.

Vi hjelper deg gjerne med innhald og forslag, slik at du får løysingar som treffer målgruppa di. 

Vi lagar alt frå mindre content-artiklar til større produksjonar – alltid tilpassa ditt behov, budsjett og strategi.

Os & Fusaposten Marknad

Vi tilbyr no ekstra synlegheit på Os & Fusaposten si eiga marknadsside – ei heilt ny plattform med stort potensiale for synlegheit.

Her kan bedrifter få faste plasseringar og køyra korte videoannonsar i 9:16-format – perfekt tilpassa dagens mobilbruk. 

Marknadssida er utvikla for å samle næringsliv, tenester og tilbod i Bjørnafjorden, og gje lokale bedrifter ein ny og effektiv arena for synlegheit.

Fleire annonsemoglegheiter på nett og papir

I tillegg til den nyoppretta Marknad-sida, tilbyr vi fleire etablerte og populære flater:

  • Ledige stillingar (nett+papir) – stillingsannonsane dine blir viste der folk i Bjørnafjorden faktisk leitar etter nye jobbar.

  • #Bygdavår-karusellen (nett + SoMe) – inspirerande lokalt innhald kopla til Instagram og Facebook, som skaper engasjement og gir ekstra synlegheit.

  • Fagfolk & tenester (nett + papir) – nettprofilering pluss ein fast seksjon i papiravisa kvar fredag, der du kan profilere bedrifta di som ein trygg og lokal samarbeidspartnar.

Papirannonsering

Papiravisa er framleis ein viktig kanal – særleg fordi ho når ei målgruppe som ofte er vanskelegare å treffe digitalt, men som kan vere ein avgjerande del av marknadsstrategien din.

I tillegg tilbyr vi fulldistribusjon, som regel éin gong i månaden. Då kjem Os & Fusaposten heim til alle husstandar i Bjørnafjorden, og bodskapen din får maksimal spreiing lokalt.

Pakkeløysingar

Kombinér digitalt og papir i ein skreddarsydd pakke som gir maksimal synlegheit. Vi tilbyr fleksible prisnivå og tilpassar løysingar for både små og store bedrifter.

Vi er også heilt opne om våre medietal, slik at du kan vere trygg på kva rekkevidde du faktisk får. 

Kven tener på å kombinere digitalt og papir?

Å bruke både digitale flater og papirannonse gjer kampanjen ekstra effektiv – du når breitt, men også spissa målgrupper. Dette passar spesielt godt for:

  • Lokale butikkar og kjeder – digitalt når du dei yngre og meir mobile, på papir når du dei faste, lojale kundane

  • Eigedom og bustadprosjekt – digitalt gir trafikk til prospekt og visningspåmelding, papir gir tyngde og tillit

  • Handverkarar og lokale tenesteytarar – digitalt gir raske kontaktpunkt, papir gir brei kjennskap

  • Arrangement og event – papir bygger forventning og merksemd, digitalt gjer at folk kan kjøpe billettar på direkten 

  • Kampanjar og nyetableringar – papir sikrar at alle ser bodskapen, digitalt gjer det lett å handle eller lese meir

Kombinasjonen er perfekt for bedrifter som både vil bygge omdømme lokalt og få handling digitalt.

Lokale annonsar gir store fordelar – oppdag kvifor her

Går det bra for bedrifta di? Då er dette den rette artikkelen å lese.

Send oss ein e-post på marknad@osogfusa.no, så syr vi saman ein annonseplan som gjer deg endå meir synleg i Bjørnafjorden.

Powered by Labrador CMS