EIGENREKLAME 👉 Marknad@osogfusa.no 

Michelle Sundqvist, digital- og videomarknadsførar i Os & Fusaposten, marknadsavdelinga

#Bygdavår – løft bedrifta di lokalt

#Bygdavår gir innhaldet ditt eit nytt liv – frå å drukna i algoritmane på sosiale medium til å bli synleg der bjørnafjordingane følgjer med dagleg.

Publisert

Ut av algoritmane – inn i lokalsamfunnet

På sosiale medium bestemmer algoritmane kva innhald som blir vist. Det betyr at berre ein liten del av følgjarane dine faktisk ser det du legg ut organisk. Med #bygdavår slepp du å kjempe mot algoritmane.

Her blir innhaldet ditt sett – midt på framsida av lokalavisa, der folk dagleg held seg oppdatert. Det gir deg ei synlegheit som tel.

Når du vel lokalt, vel du meir enn ein annonse

Når du annonserer i Os & Fusaposten, møter du lesarane på deira eigne premissar. Dei oppsøkjer sjølve lokalavisa for å halde seg oppdatert på det som skjer i eiga heimbygd – og nettopp då er dei mottekne for relevante bodskap frå lokale bedrifter.

Lokale annonsekroner gir deg:

  • Ei målgruppe som faktisk bur, handlar og lever her

  • Styrking av ein redaktørstyrt medieflora – ein verdi for heile samfunnet

  • Synlegheit som betyr noko, og som byggjer tillit over tid

Pengane du investerer i lokal synlegheit blir verande i nærmiljøet – dei bidreg til arbeidsplassar, aktivitet og utvikling her heime, i staden for å forsvinna ut til dei store plattformene i utlandet.

Vil du vera med i #bygdavår?

Det fine med å vera lokal, er at vi følgjer deg opp heile vegen. Vi hjelper deg med oppsettet, og vi kan òg koma til deg dersom du støyter på problem med innlogging.

Ta kontakt med marknadsavdelinga på  marknad@osogfusa.no, så hjelper vi deg i gang.

Powered by Labrador CMS