MARKNAD
Derfor bør du satse på lokal merkevarebygging – også når alt går bra
Ordrebøkene er fulle, kundane kjem av seg sjølv – kvifor bruka tid og pengar på marknadsføring? Svaret er enkelt: Nettopp når alt går bra, har du det beste utgangspunktet for å sikra framtida.
Fullt oppdrag i dag – men kva med i morgon?
Marknaden endrar seg raskt. Nye konkurrentar kjem til, og det som verkar trygt i dag, kan snu i morgon.
Merkevarebygging handlar ikkje berre om å skaffe fleire oppdrag, men om å tiltrekka seg dei rette kundane og dei mest verdifulle oppdraga.
Ei investering, ikkje ein kostnad
Ein sterk merkevare er ein buffer når tider blir tøffare. Bedrifter som har bygd profil og synlegheit, blir oppfatta som meir profesjonelle, får høgare tillit – og kan ofte ta betre prisar.
Top of mind hos kundane
Når du byggjer ein tydeleg profil, sørgjer du for at bedrifta di er den første folk tenkjer på når dei får eit behov.
I staden for å overlata alt til tilfeldige erfaringar, tek du eigarskap til historia om bedrifta di – og gjer det enklare for kundane å hugsa deg for det rette.
Merkevare er ei investering som betaler seg viss marknaden snur.
Den beste tida er no
Når alt går bra, har du overskot til å byggja noko som varer. Ein sterk merkevare gjer deg meir synleg, meir attraktiv og meir robust for framtida.
Kanskje du skal rekruttera og vil visa fram menneska bak bedrifta, lysa ut ei stilling, eller bruka Fagfolk & tenester for å nå ut til rett publikum.
Eller kanskje du vil markera noko spesielt med ei displayannonse.
Moglegheitene er mange – og vi på marknadsavdelinga hjelper deg å løfte merkevara strategisk, også i tider når alt går bra.
Ta kontakt på marknad@osogfusa.no