FAGFOLK & TENESTER

Service og løysingar – lokalt
Vi kombinerer jernvarehandel med eigen verkstad, service og montering.
Hos Jernia P.M Sælen får du ikkje berre gode produkt – du får hjelp av fagfolk som kan faget.
Vi tilbyr service, montering og rådgiving, og har lang erfaring med å finne løysingar som varer. Med røter tilbake til 1925, er vi stolte av å vera der når folk i Bjørnafjorden treng fagfolk.
Vi er autorisert serviceverkstad for både Stihl og Husqvarna, og tek service og reparasjonar på alle maskiner og verktøy du har kjøpt hos oss.
Skulle noko skje – eller du rett og slett har vore uheldig – er vi her for deg.
Det same gjeld montering av nye produkt.
Montering av peis og pipe
Vi har mange års erfaring med montering av peisar, vedomnar og stålpiper i både hus og hytter i området.
Vi hjelper deg gjerne med råd og rettleiing, og kan ta oss av heile monteringsjobben – trygt og effektivt.
God service og kunnskap. Jernia godt over det vanlige. Gå hit om du trenger råd. De har også befaring hjemme hos folk for råd om robotklipper og installering.
Arild
Robotklippar? Vi hjelper deg med val og montering
Å velja rett robotklippar kan vere utfordrande – spesielt om du har mykje terreng eller ei komplisert hage.
Vi har solid erfaring med rådgiving, befaring og montering av robotklipparar, og hjelper deg gjerne med å finna rett modell for dine behov.
Vi svarer på alle spørsmåla du måtte ha – frå klippekapasitet til tryggleik og vedlikehald – og kjem gjerne på befaring for å sjå hagen din først.



