EIGENREKLAME

Slik lukkast du med lokal rekruttering
Den neste medarbeidaren din kan allereie bu i Bjørnafjorden – klar til å starta raskt og bli verande lenge. Med Os & Fusaposten får du både synlegheit og treffsikkerheit.
Nasjonale portalar gir brei dekning, men i rekruttering handlar det òg om å nå dei rette menneska.
Den neste medarbeidaren din kan allereie bu i Bjørnafjorden – klar til å starta raskt og bli verande lenge.
Med Os & Fusaposten får du både synlegheit og treffsikkerheit, og du treffer òg dei passive søkjarane som ikkje eingong visste at dei trong ny jobb før dei såg stillinga di.
Os & Fusaposten – din lokale annonsepartnar
Gjennom papir, nett og sosiale medium er Os & Fusaposten ein sentral kanal for å nå folk i Bjørnafjorden.
Med vår lokale forankring og breie rekkevidde kan vi hjelpa deg å finna dei rette kandidatane, både dei som aktivt søkjer jobb og dei passive arbeidsøkjarane når dei ser ei stilling i nærmiljøet.
Vi tilbyr:
Digital stillingskarusell
Displayannonsar
Papirannonsar
Mini-content og videomarknadsføring
Videoinnhald er særleg attraktivt for arbeidssøkjarar i dag. Gjennom levande bilete kan du visa fram både stillinga og arbeidsmiljøet på ein måte som engasjerer og skil seg ut.

Skreddarsydd for ditt behov
Hos oss møter du eit lokalt team med utdanning og erfaring innan digital marknadsføring og videoproduksjon.
Vi kjenner både kommunen og marknaden, og kan derfor tilby løysingar som treffer rett.
I staden for å bruke store digitale byrå utan lokal forankring, kan du samarbeide direkte med oss – og få ei skreddarsydd annonse tilpassa dine behov.


Eksperten sitt råd
Marknadsavdelinga i Os & Fusaposten har snakka med Jan Erik Røstbø, seniorrådgjevar i HYR, om kva som skal til for å lukkast med rekruttering. Han peikar på at det handlar om mykje meir enn å leggja ut ei stillingsannonse.
-For å få gode resultat av annonsering bør du sørgja for å ha ei kort og konkret stillingsannonse, ikkje leggja på for mykje når det gjeld kvalifikasjonar, personlege eigenskapar og krav i stillinga, men heller vera oppteken av å visa det unike i di bedrift og synleggjera moglegheitene i rolla.
Jan Erik vektlegg kor viktig det er å nå ut til dei passive arbeidssøkjarane – dei som ikkje aktivt leitar etter ny jobb, men som kan bli inspirerte når dei ser ei stilling i nærmiljøet.
Dei må lokkast av ein kombinasjon av spanande arbeidsoppgåver og moglegheiter for utvikling og læring.
-Bygg varemerket lokalt, ver synleg og sørg for at kandidatane ser verksemda di.
Han understrekar òg at lokal annonsering er eit sterkt supplement til dei etablerte, større plattformene – nettopp fordi du når kandidatar som allereie bur her, inkludert dei passive søkjarane som ikkje eingong visste at dei trong ny jobb før dei såg stillinga di.
Få meir igjen for budsjettet
Hos oss får du lokal marknadskompetanse og målretta annonsering som treffer rett.
Ta kontakt på marknad@osogfusa.no, så finn vi løysinga som passar for di bedrift.