ANNONSØRINNHALD
Skapar eit levande lokalsamfunn
Mads Kleivane brenn for lokalsamfunnet og det lokale idrettstilbodet i Bjørnafjorden. Nettopp difor har han og familien valt ein lokal straumleverandør.

— Me må handla lokalt. Også straumen vår.
Mads Kleivane er både fotballtrenar og styremedlem i Ådlandsfjorden Idrettslag.
Saman med sambuaren Monica og borna Tiril (10), Isak (7) og Adam (4) bruker han mykje tid på den lokale fotballbanen ved Ådlandsfjorden barneskule.
— Eg er veldig oppteken av at det skal vera eit lokalt idrettstilbod for borna våre. Då har sponsorkroner alt å seia for å kunna bevara eit slikt tilbod, smiler han og ser varmt på dottera som øver seg på å ta imot pasningar frå mora.
For seks år sidan flytta familien Kleivane heim igjen til Holmefjord.
Samstundes bytta dei straumleverandør til Strøyma og inngjekk spotpris-avtale.
— Ein sikker straumleverandør er viktig for oss, også når det bles på toppane. Me opplevde mykje rot med den førre straumleverandøren vår, men med Strøyma har me kjent oss trygge heile vegen. Det har vore kvalitet i alle ledd, med korte liner og lynrask responstid. I tillegg er kundeservicen super, seier han nøgd.

Fotballen har ein spesiell plass i hjarta til Mads. Det same har lokalsamfunnet i Holmefjord, der han sjølv vaks opp. Fotballen verkar samlande på små og store i Nore Fusa og er eit viktig fritidstilbod.
I 2022 inngjekk Strøyma ein sponsoravtale med Ådlandsfjorden IL. Kvar haust søkjer idrettslaget også midlar som Strøyma er med og delar ut til lag og organisasjonar.
— For oss har det eigentleg aldri vore eit anna alternativ enn Strøyma. Skal ein halda liv i lokalsamfunnet må ein tenkja på kven som legg igjen pengane lokalt. Eg får seia som bror min sa ein gong han fekk telefon frå ein nasjonal aktør som ville ha han inn på ein knallgod straumavtale: "Om eg blir kunde - kva gir de tilbake til lokalsamfunnet mitt, då?" Då vart det stille i den andre enden, humrar Mads.
— Og det er nettopp det som utgjer den store forskjellen: Alt det Strøyma bidreg med lokalt.

Mads er ærleg på at han ikkje er den som har mest peiling på straum eller følgjer med på straumprisane.
Det er han langt ifrå åleine om - og dess viktigare er det å ha ein straumleverandør som ein kan stola på.
— Me stolar fullt og heilt på Strøyma. Det gjer jo kundeforholdet ganske enkelt, når ein kjenner at ein har ein leverandør som ein stolar på. I avtalen vår er det ingen skjulte kostnader, og Strøyma er enkle å forholda seg til. Det er jo sambygdingar du har med å gjera, folk du møter på butikken og elles i lokalsamfunnet.
Han trekkjer fram byte av straummålaren heime i einebustaden som eit godt eksempel:
— Eg trefte tilfeldigvis montøren i gata her. Då rulla han ned vindauga, og me blei einige der og då om kortid det passa at han kom innom. Det seier litt om kor enkelt det er, og kor små forhold det er på ein plass som dette. Ein god tone gjer alt mykje enklare. Det er noko heilt anna enn å senda ein epost som det tek fleire dagar å få svar på.

Lokal straumleverandør
- Mange kommenterer at det er så fint å snakka med nokon som har dialekt når dei ringer inn, ler Heidi Fugleberg.
Ho er ei av dei blide damene du treffer på dersom du ringer til Strøyma sin kundeservice for små eller store spørsmål knytt til straumforbruket ditt.
— Det synest eg er eit godt bilete på korleis det er. Hos oss treffer du lokale folk og blir ikkje sett over til ei datamaskin eller eit sentralbord i storbyen. For oss er det viktig at kundane får hjelp med det dei treng. Me har opne dører og det er ikkje sjeldan at folk kjem innom!

Gode straumavtalar
For at det skal vera enkelt for deg å vera kunde, tilbyr Strøyma éin straumavtlae til privatkundar: Strøyma Timespot. Denne følgjer spotpris i marknaden, time for time.
— Me har inntrykk av at dei som vel Strøyma ønskjer ein lokal straumleverandør som ikkje driv med lureri, kommenterer Henriette Tverli Dale. Ho er sal- og marknadskonsulent i Strøyma og jobbar tett på lokalsamfunnet.
— Me ønskjer å skilja oss frå det dårlege ryktet i bransjen ved å vera ein ærleg aktør. Det er kjekt med kundar som kjem til oss etter tips frå vener eller familie. Det ser me at me gjer noko rett.
Strøyma-appen
Med Strøyma-appen får du full kontroll over eige straumforbruk.
- Her får du innsikt i spotprisar, forbruk og alt som gjeld straumabonnementet ditt. Slik blir det enkelt å fordela straumforbruket på timane der straumen er billegast. I tillegg kan du få livemåling som gjer det enkelt å følgja med i sanntid, forklarar Henriette.
I appen får du oversikt over straumpris for ditt område time for time, heile dagen. Du får full oversikt over faktura, og du kan sjå historikk for straumbruket ditt per år, månad, dag eller time.
Appen har også ein funksjon for smartlading av bil, slik at du kan velja når bilen skal vera ferdig lada - så startar appen ladinga i timar med lågast spotpris.
- Appen gjer det utan tvil enklare å vera Strøyma-kunde!


Bedriftskundar
I tillegg til straum for private, har Strøyma også gode avtalar til bedriftskundar. Då har dei eigne forvaltarar som kjøper og sel sikringar i kraftmarknaden, for å sikra god pris til lokale bedrifter.

Me ønskjer å skilja oss frå det dårlege ryktet i bransjen ved å vera ein ærleg aktør.
Henriette Tverli Dale

Straum for alle
Alle kan bli straumkundar hos Strøyma.
- Mange er ikkje klar over at alle i heile Noreg kan bli kundar hos oss. Det vil seia at dersom du har hytte i andre kommunar, eller kanskje skal flytta vekk for å studera eller jobba, så kan du ta oss med deg, fortel Henriette.
- Kundemassen vår er ikkje avgrensa til å gjelda berre i Bjørnafjorden. Me sel faktisk straum til kundar over heile landet, legg Heidi til før ho utdjupar:
- Me har inntrykk av at folk vel oss fordi me ikkje driv med lureri. Det er ingen skjulte kostnader med oss. Alt er veldig gjennomsiktig.
