ANNONSØRINNHALD

Dette bør du tenka på om du skal ha nytt golv
Her får du hjelp til heile prosessen!

Kva bør du tenka på når du skal leggja nytt golv? Hos Fargerike Os finn du eit breitt utval av golv - og ekspertisen til å hjelpa deg med å ta dei rette vala.
Dyktige tilsette hjelper deg med heile prosessen, også om du ønskjer å få golvet lagt av profesjonelle handverkarar.

Enkelt for deg som kunde
-Du skal kunna koma inn i butikken og peika ut golvet du vil ha. Deretter kan du setja deg med beina høgt til golvet er ferdig lagt heime hos deg. Me vil at det skal vera enkelt for deg som kunde å handla golv hos oss. Difor har me knytt til oss ein handverkar som gjer at me no kan hjelpa deg med heile prosessen.
Pål Liland er golvekspert hos Fargerike Os, og gjennom sine seksten år i Fargerike-kjeda har han hjelpt mange kundar med å finna rett golv til sitt bruk.
- Me ønskjer å yta det vesle ekstra for kundane våre, og trur at mange vil dra nytte av dette tilbodet.
Fargerike har Noregs breiaste utval av golv til heim og hytte. I den flotte butikken i Hamnegata midt i Os sentrum, finn du ei innhaldsrik golvavdeling. Her kan du koma innom og sjå og kjenna på rundt 50 ulike golvtypar.
- Golv i dag finst i mange ulike variantar. Dei vanlegaste er parkett, laminat, klikkvinyl, korkgolv og vanleg golvbelegg. Teppe har også fått sin renessanse og er meir populært enn nokosinne, tipsar Liland.
For kva bør ein eigentleg tenka på når ein skal ha nytt golv?
- For å finna rett golv til kunden må me først finna ut kva rom golvet skal vera i og kva eigenskapar golvet bør ha for å fungera slik ein ønskjer, forklarar Liland.
Med lang erfaring og god kunnskap gir han og kollegaene råd og vegleiing om både fordelar og ulemper med dei ulike golvtypane.
- Skal golvet tola varme? Eller at noko dett i golvet utan at det vert merker? Golvet i ein yttergong bør tola sølete sko og vera meir slitesterkt enn på eit soverom.
Ein småbarnsfamilie med husdyr har ikkje dei same behova som eit eldre ektepar, seier han. Nettopp difor er det viktig å kartlegga behova.
- Det er kvar enkelt sin livssituasjon og ønskje som bestemmer kva golv som passar best. Me vil jo ikkje at du skal kjøpa golv som du endar opp med å ikkje få lagt fordi underlaget er feil!

Golvet er det viktigaste møbelet i eit rom og har stor innverknad på både huset og rommet det skal leggjast i.

Farge på veggar og interiør er enkelt å byta ut, medan golvet er ei investering som skal vara i mange år. Difor bør ein tenka godt gjennom vala som finst og estetikken til dei ulike golvtypane. Du skal vera trygg på at valet du tek er rett for deg.
- Lyse, nærast kvite golv, med breie og lange bord har vore populært lenge. Skal du ha eit eksklusivt uttrykk kan du velja å leggja golvet i fiskebeinsmønster. Og hugs at listene skal vera i same farge som golvet, tipsar den erfarne golveksperten.
Om du er usikker, kan du låna med deg golvprøvar heim for å sjå korleis det blir.
- Ofte har kundane sett seg ut ein favoritt i butikken, men så endrar dei meining når ein kjem heim og får sett korleis det vil sjå ut i det faktiske rommet. Difor er det lurt å prøva ulike typar før ein bestemmer seg.
Korkgolv - berekraftig og miljøvenleg
Børge Solberg opplever at mange av kundane er opptekne av miljø, og difor interessert i å velja berekraftige produkt
- også når det gjeld golv.
Nyleg besøkte han fabrikken i Portugal der dei produserer korkgolv.
- Korkgolv er eit miljøvenleg alternativ som blir stadig meir populært.
For å produsera desse golva haustar ein barken av treet. Denne veks ut igjen og kan haustast på nytt. Dermed treng ein ikkje å fella treet for produksjonen. Med korkgolv får du eit overlegent golv med høg gangkomfort, svært god støyreduksjon og varmeisolasjon.
Med andre ord får du eit vakkert og slitesterkt golv som held seg i mange år.
Korken sine eksklusive eigenskapar bidreg også til eit reinare inneklima, go er eitt av dei beste økologiske vala du kan ta i heimen din. Saman med ei handfull andre i Fargerike-kjeda har Solberg plukka ut fire eksklusive korkgolv som han no gler seg til å få inn i butikken.
- Me har teke ut fleire design frå produsenten som me trur blir godt motteke av kundane våre. Denne golvtypen kryssar verkeleg av alle boksane for kva eit golv bør ha, og me gler oss stort til at kundane våre får oppleva dette!


Teppegolv
Tenk deg kjensla av å vakna om morgonen og setja beina på eit lunt og varmt teppe. Du får knapt ei meir eksklusiv kjensle og er garantert ein god start på dagen.
Teppegolv har fått ein oppsving dei seinaste åra, og Solberg skryt over kvalitetane. Sjølv har han valt teppe på alle soverom heime.
- Teppe binder svevestøv i rommet og gir god akustikk. I det store sortimentet vårt har me teppe laga av ull, sisal og nylon.
Teppe laga av SmartStrand-garn har livstidsgaranti mot flekkar. I tillegg krev teppegolv minimalt med reingjering utanom støvsuging. Skulle du vera uheldig å søla, er det enkelt å vaska vekk. Me ser at teppe blir meir og meir populært, og det er kjekt.
75 års erfaring
Fagkunnskapen hos Fargerike Os er opparbeidd gjennom 75 år. Dei tilsette er blide og imøtekomande, og er opptekne av å finna dei beste løysingane for deg som kunde. Ved å dra nytte av kvarandre sin ekspertise på ulike fagområde, får du som kunde det beste utgangspunktet når du skal skapa din draumeheim.
- Eg trur kundane set pris på kompetansen og kunnskapen dei møter her. Me kan gjerne koma heim til deg på befaring for å sjå kva som vil fungera - eller så finn me løysinga i butikken. Det er opp til deg som kunde, smiler Pål Liland.
