skip to Main Content

Annonsering i sosiale medium

Sosiale medium er blitt ein naturleg del av kvardagen vår. I fjor var over 3,4 millionar nordmenn registrerte på Facebook. Instagram og Snapchat vert hyppig brukt i marknadsføring – og å vera til stade på sosiale medium er difor blitt naudsynt for å henga med i den digitale kvardagen.

Sosiale medium gir deg som annonsør moglegheit til å målretta kampanjar og annonser mot spesifikke segment og kundegrupper. Du kan segmentera etter demografi, kjønn, alder, yrke, interesse m.m. og såleis treffa akkurat den kundegruppa du er ute etter.

Korleis få best mogleg effekt?

For å få best mogleg effekt av annonseringa di, er det eit par ting du bør tenkja på. Kva kanal nyttar målgruppa seg av? Og kva bodskap fungerer best i den gitte kanalen?

Ein god dialog med kunden er viktig – og gjennom sosiale medium kjem ein ofte nærare kunden – noko som gir deg ein heilt unik moglegheit til dialog. I omgrepet kundeservice ligg det andre forventningar enn tidlegare – kundane forventar ein anna type service og kortare responstid. Det er difor viktig å nytta sosiale medium til å legga til rette for ein god dialog med kunden, koma med nyttige tips og råd samt by på inspirerande innhald.

Kva kan vi hjelpa deg med?

  • Setja opp Facebook, Instagram, Snapchat eller LinkedIn.
  • Optimalisera eksisterande kanalar.
  • Laga Facebook-kampanjar.
  • Produsera innhald.
  • Hjelpa deg med strategi og gjennomføring.

Ann Christin Nøss

Marknadsleiar

Back To Top