skip to Main Content

Ver synleg på nett

Berre i Noreg vert det gjort 50 millionar søk på nett kvar dag. Av desse er rundt 90% på Google. Det er blitt eit eige omgrep “å google” – og vi googlar for å finna svar, orientera oss og samanlikna. Google er verdas største søkemotor – og marknadsføringskanal. Og med denne informasjonen i bakhovudet, seier det seg sjølv at det er kritisk viktig å vera synleg på nett.

Marknadsføring på søkemotorar skil seg frå anna type marknadsføring. Kunden har allereie fatta interesse for eit produkt eller ei teneste, og gjer eit spesifikt søk ut i frå dette. Difor må du vera relevant i søka som kunden din tek, slik at trafikken vert generert inn på di side.

Søkemotoroptimalisering kan jobbast med på to måtar: organisk (SEO) og gjennom AdWords.

Søkemotoroptimalisering

SEO handlar om å skapa relevans for kunden din. Innhaldet, nettsida og bodskapen din skal vera spissa nok til å hamna høgt oppe i Google sine søkeresultat. Det held ikkje lenger å finna mange nøkkelord og implementera desse på nettsida di – SEO krev mykje arbeid og vedlikehald.

Det kan gå opp til seks månadar før du ser resultatet av grundig SEO-jobbing. Berre ei handfull menneske hos Google veit korleis algoritmane fungerer, SEO er i stadig endring – og det som fungerte godt i går, vil ikkje nødvendigvis fungere like godt i dag.

Google Adwords

Sjølv om vi anbefalar at du scorar høgt på organiske søk, kan ein nytta AdWords som ein snarveg medan du ventar på å nå toppen via organiske søk. Undersøkingar har derimot vist at kunden oppfattar deg meir truverdig dersom desse to vert brukt saman.

AdWords er kjøpte søkeord som gir deg topp-plassering på eksakte ord eller frasar. Google AdWords passar for alle bedrifter – globale som lokale. Det fine er at AdWords gir deg fritt spelerom og store moglegheiter for målretting og kontroll.

Google premierer relevans mellom annonse og landingsside, så kvaliteten på nettsida di spelar inn når det kjem til AdWords. Ei god nettside gir deg altså fordelar i søkemotorar. Les meir om nettsider her.

Ann Christin Nøss

Marknadsleiar 
tlf: 952 10 816 / ann@osogfusa.no

Back To Top