skip to Main Content

Ein langsiktig strategi

Med content marketing, eller innhaldsmarknadsføring, får du ein unik moglegheit til å fortelja ei engasjerande historie i den redaksjonelle flyten – samstundes som du bygger merkevare. Historia vert utforma som ein vanleg artikkel, men vil vera merka med “annonsørinnhald”.

Content marketing handlar om å skapa verdi for lesaren gjennom relevant og engasjerande innhald. Historia du fortel skal vekka interesse og engasjera.

Vi jobbar med ulike aktørar i Os og Fusa – og står klare til å skapa verdi både for deg og kunden din.

Her kan du sjå døme på ei av CM-sakene våre.

Korleis jobbar me?

Vi kan hjelpa deg med komplette løysingar som inneheld:

  • Idé og konsept
  • Innhaldsproduksjon
  • Foto
  • Eksponering på papir, nett og mobil
  • Måling og rapport i etterkant

Har du ferdig skrive materiale, kan vi publisera dette for deg.

Val av flater

Du vel sjølv om du vil ha saka på trykk eller på alle flater (trykk, nett og mobil). På nett bør artikkelen ha to eller tre inngangar for å kontinuerleg skapa engasjement og generera klikk. Du vel sjølv kor lenge og når du ynskjer publisering. Vi hjelper deg gjerne med å velja strategisk smarte tidspunkt for publiseringa.

Vel du ei sak på trykk har vi fleire temasider gjennom året som kan vera aktuelle å setja annonsa inn på. Eventuelt kan du velja innrykk når vi har fulldistribusjon – då når du ut til over 12.000 husstandar.

Karen Helland Velure

Marknadsleiar 
Tlf: 943 73 316 / karen@osogfusa.no

Back To Top